Tjempetjekt

- om tjekke ting

Til forsvar for b-menneske

B-menneske el. b-menneske (av *B- el. b-) person som er best opplagd om kvelden, mots *A-menneske.
- Ordboka.

Er det ikkje sånn at det framstår som betre å seia at ein er a-menneske enn b-menneske? Me søv, alle saman. Me er våkne, alle saman. Men me lar desse fasene gå føre seg på til dels ulike tider av døgnet. Nokon vel det sjølv, andre er styrt av biologien.

Eg er eit ufrivillig b-menneske. Det har berre alltid vore sånn. Som då eg var liten og las til langt på natt fordi eg ikkje var trøytt. Som no når eg er større og eg sitt oppe og les og jobbar til langt på natt fordi eg ikkje er trøytt. Helgene er fine, for då følgjer omverda min døgnrytme.

Det verkar ofte som om a-menneska er betre. Dei står opp tidleg og får gjort unna ting før eg i det heile tatt har tenkt på å stå opp. Dei legg seg tidleg og fornuftig. Dei legg seg før ting går galt og det blir mørkt og ting kan skje. Dei står opp tidleg og er flinke.

Men kvifor skal det vera dårlegare å vera b-menneske? Me sitt jo også og gjer fornuftige ting, medan desse late a-menneska har tatt kvelden for lengst. Timane går og mørket kjem fram, men det påverkar ikkje oss endå. Dei gode ideane snik seg ut når mørket sig over byen. Dei djupe tankane. Dei rare innfalla. Og eg heng stjerner opp i taket medan klokka tikkar vidare mot natt og verda søv.

Tenk om nokon visste kva eg skreiv

Første gong eg fekk meg ei nettside var ein gong i 2001. Den handla om hestar. Det gjorde alle dei etterfølgjande nettsidene mine også dei neste tri-fire åra. Om hestar og ponniar – hesteraser, artiklar og historier. Etter det var eg innom mange ulike nettsider med ulike namn og innfallsvinklar. På engelsk og på norsk.

Heilt sia nettsidene slutta å handla om dei firbeinte og byrja å handla om andre ting, har eg vore kritisk og usikker. På om det eg skriv er noko eg eigentleg vil ha der ute i det store nettet. Sia eg grublar mykje, virrar eg gjerne litt fram og tilbake. Dei seier eg ombestemmer meg mykje. Eg gjer det, russenamnet mitt var trass alt «Ombestemt» og eg hadde to russekort sia eg på den tida ikkje klarte å bestemma meg for kva for etternamn eg skulle ha.

Når ein er så usikker, kan det vera skremmande å skriva. Eller å leggja ut bilete av ting. Det som verkar som ein god idé no, treng jo ikkje å vera like god om ei stund. Faktisk er sjansen ganske stor for at eg vil ha lyst til å skriva innlegget heilt om eller sletta det. Men å skriva om innlegg med ein publiseringsdato er jo nesten marxistisk historieskriving, er det ikkje?

Mest av alt er det som gjer meg usikker på om eg skal skriva på ei nettside, det at eg ikkje veit om eg vil at nokon skal vita om det. Det er jo lett å ha ei anonym nettside i desse dager, når alle jenter i alderen 12-19 år har ein blogg kor dei tar bilete av maten sin og kleda sine og eg veit ikkje kva. Men tenk om nokon veit kva eg skriv? Er det greitt? Og kva synst folk eigentleg om folk som har ei nettside? Kva synst ein eigentleg om meg om ein ser at eg bruker tid på å skriva innlegg om parfymar og tøy og mat?

Og sist, men ikkje minst: ein skal jo helst gi faen i kva folk synst om folk og spesielt om kva folk synst om ein sjølv. Men kva om ein ikkje gjer det?

Å ha tid til å lesa bøker

Eg skulle ønskja at eg hadde meir tid til å lesa bøker. Eg har tatt meg sjølv i å seia og tenka dette eit utal gonger dei siste åra. Ja, faktisk – åra.

Då eg var liten las eg som om det sto om livet. På besøk her eller der studerte eg alltid bokhyllene og plukka ut noko å lesa i. Eg var med i Pennyklubben og fekk hestebøker i posten, men dei var så lettlesne at eg måtte kjapt fylla på leselageret ved å nytta bibliotekskorta mine flittig.

Det blei ikkje alltid så mykje søvn då eg gjekk på skulen, for eg låg som regel oppe og las. Eg las det meste – bøker, aviser, leksikon (!) og blad eg fann her og der.

Sia då har ting sjølvsagt endra seg. Det blir mindre tid til å lesa. No synst eg rett og slett at det er litt tiltak å setta seg ned med ei bok. Er ikkje det merkeleg? Det er veldig lågterskel å setta seg ned med datamaskinen i fanget og surfa. Lesa tilfeldige artiklar, skumma over bloggar og nettaviser. Men så verkar det så voldsomt tiltak å lesa i ei bok.

No får det vera nok – eg er klar for å vera ein lesehest igjen! Sia nokon har tatt Mac-ladaren min (!) lover det godt for lange leseøkter fram til ladaren dukkar opp igjen.


Trykk på biletet for å komma til kjelda.

PS: Behovet mitt for å organisera ting (inkl. lesing og bøker), får eg utløp for ved å nytta Bokelskere.

Parfymen

Eg fann den! Den nye parfymen min. Eg har leita og leita etter ein ny parfyme, men ingenting fall i smak. Tidlegare har eg brukt Princess frå Vera Wang, elles har eg vore innom Sentiment frå Escada (å, hjelpe meg) og Cherry Blossom frå The Body Shop. Eg vurderte Trésor Midnight Rose, men eg kjente at den og fleire andre eg prøvde ikkje gjorde noko inntrykk. Lette å ta på, lette duftar – lette å gløyma.

Så bestilte eg nokre parfymeprøvar frå Diptyque via The Perfumed Court. Blei så fascinert av desse flotte flaskene som så mange skriv om, så eg tenkte det var på tide å lukta litt på dei.

Eg testa m.a. ut L’Ombre dans L’Eau og Do Son. Og det var full treff: L’Ombre dans L’Eau er heilt perfekt for meg. Luktar solbærblad (black currant leaf) og rose (bulgarsk). Grøn, fruktig og lett krydrete. Midt i blinken!

Så då blir det innkjøp av ei fin flaske med denne parfymen neste gong eg er i Oslo. Juhu! Do Son er òg veldig god, men den luktar veldig mykje av tuberose. Kanskje betre til sommarsesongen?

PS: L’Ombre dans L’Eau skal visst tyda skuggen i vatnet.

Om standardval

Folk er vanedyr, det er særleg eg. Inspirert av eit innlegg på Smaggle (ein blogg eg faktisk ikkje snubla over før i dag), her er nokre av mine «signaturar» -- ting eg typisk vel:

Kaffi: Svart kaffi. Ev. dobbel espresso viss eg ikkje kan få vanleg kaffi.
Frukost: Havregraut med litt mjølk, kanel, eit oppskore eple og ei skei eplesyltetøy.
Lunsj: Brød med ost og skinke.
Middag: Pannekaker eller pasta.
Dessert: Alt som involverer jordbær/bringebær/bær, ev. noko med frukt.
Farge: Lilla, blå eller grøn. Før var det raudt og berre raudt.
Ting eg bestiller på café: Svart kaffi eller te, croissant.
Ting eg bestiller på byen: Kvit vin (vår), raud vin (haust), gin tonic viss eg har råd.
Musikk eg sett på på fest: Kaizers Orchestra og The Smiths
Smykke: Eit hjartesmykke, ein diamantring fått i gåve og ein gullring fått i gåve.
Veske: Ei av veskene mine frå Aura Que.
Sminke: Brun maskara, brun eyeliner, mineralpudder, augebrynblyant, lys rouge og lip shimmer frå Burts Bees i «Rhubard» eller «Peony».
Ting eg seier: «då», «tjekt», «mhm», «så er det sånn» og «jøss!».

Om siste juleferiedag

Juleferien i år var lang, men kort samstundes. Den siste juleferiedagen nytta eg i stor grad som eg gjorde med dei andre: sein frukost, tur med hunden i marka, lunsj og lesing av dagens avis, eit langt bad i badekar og ein god middag laga av ho mor. I marka var det eit fantastisk flott lys i dag:

Pakking tilbake til studiebyen er iallfall lett som ein leik med min garderobe. Eg hadde med meg alle kleda eg har heim og har med meg litt færre ting tilbake igjen, utruleg nok. Til jul fekk eg ein solid, blå og perfekt koffert frå Samsonite i handbagasjestorleik, så plutseleg blei pakking endå greiare.

Og med det er eg ferdig med ferie og klar for eit nytt semester! Det blir eit litt annleis semester, for det er det siste eg tilbringer i studiebyen før eg flyttar til hovudstaden. Planen er å gjera seg ferdig med studiebyen med stil.

Om hjartesmykke – #1

Typisk meg. Dei seier det er viktig å finna seg «signature pieces» når ein skal finna sin eigen stil. Eg kom ikkje på noko som var særleg typisk meg, heilt til eg ein dag kikka i smykkeskrinet mitt og såg kor mange hjartesmykke eg har. Eg bruker smykke med hjarteanheng omtrent kvar dag og har dei i allslags fargar. Dette skil seg naturleg nok litt ut sia det er anatomisk. Ein fin liten dings som blir lagt merke til – og som ofte fører til spørsmål om eg studerer medisin.

Hei, 2012

Så fint å sjå deg.

2011 var ikkje noko for meg. Eg var deprimert, tiltakslaus og uroleg store delar av tida. Derfor kjennest det ekstra godt å kunna henga opp ein ny kalender denne gongen. Å vera på andre sida av nyttårsafta fyller ein med så mykje tru på det som kjem og på at det er i år alt skal skje.

I nyttårets ånd har eg derfor gjort meg opp nokre forsett for 2012:

Ta vare på meg sjølv
Ta vare på helsa ved å eta variert, få mykje frisk luft og regelmessig gå på trening som eg synst er gøy. Stella fint med fjes og kropp. Skriva kvar dag for å reinsa opp i tankane.

Bli meir danna
Lesa ting som ikkje er pensum, sjå filmar og få med meg kulturopplevingar. Snakka meir om idear og tankar og mindre om folk som ikkje er til stades. Bruka mindre tid på å tilfeldig nettsurfing og meir tid på lærerik lesig.

Slappa av
Eg er kanskje verdas mest anspente person og uroar meg mykje utan grunn. Med meir avkobling og meir målretta grubling kan eg kanskje roa meg ned litt.

Vera medviten
… om kva eg tenker, bruker tida mi til, korleis eg behandlar andre (og meg sjølv) og om kva eg bruker pengane mine på.

Setta meg mål for dagen og for veka
Det er mykje lettare å få gjort (fornuftige) ting når eg har mål og gjeremål klar.

Vera ryddig
Eg har ein indre neatfreak som eg gjerne vil bli betre kjent med. Rydda med éin gong i staden for å tenka: «Eh, det var litt tiltak, eg legg det på ein tilfeldig stad imens.»

Vera mindre awkward
Det er veldig mange ting eg synst er kleint og awkward, heilt utan grunn. Det går over om eg utfordrar meg sjølv til å gjera det likevel.

Ha det meir tjekt!
Smila meir, le meir, snakka meir, bruka meir tid med venner og bruka meir tid på å få nye venner og bekjente. Bruka mindre tid til å føla meg teit og utanfor og meir tid på å ha det tjekt.

Og dermed er fokuset for dei 361 resterande dagane av 2012 klart!

Jane Eyre (2011)

Det er berre å innrømma det: eg har ikkje lese Jane Eyre. Det står på lista mi, unnskuldar eg meg med. Til gjengjeld har sett miniserie-dramatiseringa frå 2006 fleire gonger enn eg tør innrømma. Det meste er perfekt med den dramatiseringa (hallo, Mr. Rochester!).

Derfor var eg først skeptisk då eg høyrte om denne filmen frå i år. «Ja, men miniserien som eg elskar sånn er jo ikkje gammal!». Men no er no ein gong film og miniserie to litt ulike ting. Heldigvis.

Filmen startar nærmast mot slutten – Jane spring ute i aude heier aleine. Ho klarer å komma seg til heimen til St. John Rivers (eg trudde alltid han heitte Singeon, haha! Nok ein grunn til å lesa boka snart.) og systrene og kollapsar der. Ho vaknar fjern og klar for å gløyma, men tilbakeblikka og minnene kjem likevel. Me får tilbakeblikk til ein vond barndom hos familien Reeds, hos onkelen si syster (Jane er foreldrelaus); ei vond tid på kostskule (men likevel betre enn vanskjøtsel hos Reeds?) og til Jane er blitt nesten vaksen og får reisa til Thornfield Hall for å vera guvernante.

I filmen har ein sjølvsagt litt dårleg tid på seg. Likevel synst eg det som skil denne filmen frå miniserien er at ein har klart å bygga forhalda mellom karakterane på ein djupare, varmare og meir nær måte. Det er færre av karakterane som er med, joda, men ein blir også litt betre kjent med dei som er med. Både tida Jane er hos familien Reeds, tida på kostskulen og tida som guvernante på Thornfield har litt meir kjøt på beinet i filmen.

«Oi!» tenkte eg her. Kontrasten mellom sjuke, men nøgde Helen til venstre og overlevande, men ulukkelege Jane til høgre. Mhm.
Kortare tid tyder mindre tid til å bygga opp ventinga og lengtinga på Thornfield, mindre tid til å bygga opp den dunkle stemninga og galskapen som held til i huset, lite tid til St. John og systrene. Sånn er det.

Kledd i mørkt før frieri, lyst etterpå.
Ein jo ikkje bruka det mot ein film at den ikkje er ein miniserie. Alt i alt synst eg det er ei veldig flott filmatisering – og eg liker Mia Wasikowska veldig godt som Jane. Ho får fram det snappy, frampå og sterke (men samtidig bleike og fatta) ved Jane på ein fin måte. Og hey, Mr. Rochester er som han skal vera:

Og så skal eg lesa boka. Snart.

Arkiv

Alle innlegga som ligg ute på denne sida og som er posta før 24. september 2011 er henta frå ymse bloggar eg har hatt opp gjennom åra. Arkivet går derfor tilbake til januar 2005 og inneheld allslags skriblerier. Eg liker å ha alt samla på éin stad! Det kan også nemnast at eg no i ettertid har lagt inn bilete i ein del gamle innlegg for pynten si skuld.

Trykk for å komma til kjelda